Veit du at Terje Søviknes fører oss bak lyset?

Gaute Eiterfjord

Gaute Eiterfjord

Leiar i Natur og Ungdom

Olje- og energiminister Terje Søviknes jobbar for utbygging av Statoil/Equinors Johan Castberg-felt i Barentshavet. Feltet vil, dersom det blir bygd ut, vere det nordlegaste oljefeltet i Noreg.

I innlegget «Langtidsvarsel: Sol for oljenæringa» i Dagbladet 11. mai avviser olje- og energiminister Terje Søviknes alle dystre utsikter for Statoils Johan Castberg-felt. Men alt er ikkje så rosenraudt som han skal ha det til.

Behov for ei solskinshistorie frå Barentshavet
Etter nesten 40 år med oljeleiting i Barentshavet er Goliat framleis det einaste oljefeltet som er i produksjon der i dag. Feltet har blitt ein skandale med budsjettsprekk på over 18 milliardar og over 80 uønska hendingar sidan plattforma kom til Noreg. Det har mellom anna vore straumbrot, tennkjelder i område med gass og evakueringar som følgje av brann. Driftstans i fjor førte til eit tap på 5,9 milliardar. Truleg vil Goliatfeltet aldri bli lønsamt for staten.

Ein kan skjønne kvifor Søviknes kunne trenge ei solskinshistorie frå Barentshavet etter skandaleprosjektet Goliat, og Johan Castberg seilar nå opp som Søviknes sin gullgut. På Johan Castberg har nemleg Statoil kutta kostnader og fått feltet lønsamt som berre det. Men grunnen til at Statoil har fått dette til er at dei mellom anna har droppa Norsok-standard, elektrifisering og lokale arbeidsplassar.

Argument om lokale arbeidsplassar held ikkje vatn
Søviknes trekk ofte fram at utbygging av feltet vil føre til arbeidsplassar på verftet på Vestlandet, men det hjelper nok lite på misnøya som no er i Finnmark. Då Statoil/Equinor annonserte at dei ville bygge ut Johan Castberg i 2013, lova dei nemleg at det skulle vere ilandføring av olja til Nordkapp. I 2016 var desse planane droppa.

Argumentet om at oljeverksemda i Barentshavet skulle gi lokale arbeidsplassar har vore kronargumentet og brekkstonga for å sleppe industrien til i desse områda. Johan Castberg-feltet viser at dette argumentet ikkje held vatn, og at Statoil har ført lokale politikarar bak lyset. Som stortingsrepresentant og tidlegare leiar av Finnmark Arbeiderparti Ingalill Olsen skreiv 21. mars i år: «Jeg er lei av å bli lurt, og jeg aksepterer bare ikke at finnmarkingene er ført bak lyset i 5 år.»

Fordelane kan ikkje veie opp for ulempene for natur og klima
Fordelane med å bygge ut Johan Castberg-feltet kan på ingen måte vege opp for ulempene for naturen og klimaet. Feltet vil ligge i eit område som er viktig for fleire raudlista fugleartar, blant anna alke, lunde, lomvi, polarlomvi, krykkje og polarmåke. Det er fleire sjøpattedyr i området. Desse vil vere svært sårbare ved ei eventuell ulykke. Dette har Norsk Polarinstitutt peika på i sitt høringssvar til konsekvensutgreiinga for feltet. Miljødirektoratet har òg trukke fram at Statoil ikkje har presentert tilfredsstillande dokumentasjon på at beredskapen ved ei ulykke vil vere god nok.

For å nå klimamåla må utslepp stoppast
Å bygge ut Johan Castberg-feltet er på kollisjonskurs med klimamåla våre. Frå 2022 vil drift av feltet gjennom 30 år føre til utslepp på 9,45 millionar tonn CO2. Til samanlikning: I regjeringas klimamelding skriv ein om å få til utsleppsreduksjonar på 20-25 millionar tonn CO2 fram mot 2030. Feltet inneheld om lag 550 millionar fat olje. Dersom ein vinn ut og brenn alt dette får ein eit utslepp på 240 millionar tonn CO2. Det er nesten fem gonger dei årlege utsleppa til Noreg.

Alle klimatiltak me gjer i Noreg blir minimale samanlikna med auken i utsleppa som vil kome frå å bygge ut Johan Castberg-feltet. Skal me nå klimamåla må me kutte utslepp raskt og i alle fall ikkje sette i gang endå fleire oljefelt som skal pumpe opp olje og koke kloden i fleire tiår framover. Når du står i eit hòl må du først og fremst slutte å grave.

Leave a Reply

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.