Difor protesterer palestinarane

Sidan langfredag har israelske soldatar skote og drepe 124 ubevæpna palestinske demonstrantar som deltek i ”den store returmarsjen” på Gaza. For å forstå kvifor palestinarane likevel hald fram med å marsjere mot grensegjerdet mellom Gaza og Israel, må vi 70 år attende i tid.

Skrevet av Tora Systad Tyssen

Det var nemleg då FN vedtok ein delingsplan for det historiske Palestina, heile det området som i dag utgjer Israel og Palestina. Generalforsamlinga i FN vedtok at området skulle delast i ein jødisk del og i ein palestinsk del. Heilt sidan 1880-åra hadde det som heitte sionistrørsla arbeidd for å få realisert ein jødisk stat i Palestina som skulle vere eksklusiv for jødar. Problemet var at det alt budde både kristne og muslimske palestinarar i dei områda kor dei ville etablere ein jødisk stat.

Tora Systad Tyssen, leiar av Fellesutvalget for Palestina under ei Nakba-markering. Bilete teke av Synne Dahl.

Tora Systad Tyssen, leiar av Fellesutvalget for Palestina under ei Nakba-markering. Bilete teke av Synne Dahl.

1948: Israel verte ein stat
Så då Israel erklærte seg som ein stat 14. mai 1948 starta eit storstilt arbeid med å drive palestinarane vekk frå både dei områda som delingsplanen foreslo at skulle verte jødisk og frå det som var tiltenkt palestinarane. På arabisk vert denne hendinga referert til som
nakba, det betyr katastrofe på norsk.

531 palestinske landsbyar vart øydelagd og nær 800 000 palestinarar drivne på flukt frå heimane sine i dei første åra av Israel sin eksistens.

Gjennom vald, drap, valdtekt og trugslar greidde sionistiske styrkar å drive palestinarane vekk frå heimane og landsbyane sine.

Israel vart oppretta på 80 prosent av det territoriet som då heitte Palestina. 90 prosent av palestinarane i dette området vart kasta ut.

Arva frå denne katastrofen er det som gjer at palestinarane i dag framleis slost for fridomen sin, menneskerettane sine og for at Israel skal respektere folkeretten.

Det er det mange grunnar til.

For det første, dei nesten 800 000 palestinarane som vart drivne på flukt i 1947, enten til flyktningeleirar i Gaza eller på Vestbreidda eller i nabolanda, er framleis flyktningar. Det kom ei ny bølge på 300 000 palestinske flyktningar etter at Israel okkuperte Gaza, Vestbreidda og Aust-Jerusalem i høve seksdagerskrigen i 1967.

I dag er det nær 8 millionar palestinske flyktningar i verda.
På Gaza er 1,3 av dei når 2 millionar menneska som bur der flyktningar. Etter folkeretten har desse flyktningane lov å vende heim, altså til der kor dei vart fordrivne frå i dagens Israel, men israelske myndigheiter nektar dei det. Når flyktningane på Gaza marsjerer mot grensegjerdet mot Israel er det ei symbolsk handling for å syne at dei ikkje gir opp draumen om at dei ein gong skal få vende heim til der kor familiane deira er frå.

51 år gamal okkupasjon
For det andre, under seksdagerskrigen i 1967 okkuperte Israel Vestbreidda, Aust-Jerusalem og Gaza militært. Den okkupasjonen er no 51 år gamal. Den inneber at Israel held full militær kontroll over dei palestinske områda med tusenvis av soldatar, checkpoints og militærleirar.

For 16 år sidan bygde Israel og ein mur som går langt inn på det palestinske området på Vestbreidda og som skjer palestinarane av frå kvarandre og frå landsbruksjorda si. Vestbreidda vert styrt av israelske militærlover, så om ein vert arrestert vert ein dømd i ein militærdomstol og utan at ein har fått høve til å føre ei skikkeleg rettssak.

500-700 palestinske barn vert årleg arrestert av det israelske militæret. Nokre av dei er så unge som 12 år.

I tillegg har Israel omlag 750 000 israelske busettarar inne på Vestbreidda og i Aust-Jerusalem. Busettingane dei bur i er i strid med folkeretten og er med å drive palestinarane vekk frå jorda si. Slik held nakba-en som starta for 70 år sidan fram i dag.

For det tredje, Gaza vert halden under blokade. Det vil seie at både Egypt og Israel, som Gaza har grenser mot, har stengt grenseovergangane og held svært nøye kontroll over kva som kjem inn og ut av varer og mennesker.

Sidan Hamas tok over makta i Gaza i 2007 har Israel innført ei rekke handelsrestriksjonar på importvarer til Gaza. Det vil seie at det er ei lang rekke ting og materialer som ikkje vert tillete å frakte over grensa til Gaza. Sidan Israel har hatt tre store militæroffensivar mot Gaza sidan 2008, med store humanitære tap, øydelegging av vassressursar og materielle øydeleggingar er det eit stort behov for å få inn materialer på Gaza. Dette er heilt nødvendig for å gjenoppbygge heimar, skular og infrastruktur. Svært mykje av dette vert hindra av blokaden og resultatet er ein heilt prekær humanitær situasjon på Gaza.

FN førespeglar at området vert umogleg å bu på innan 2020 fordi tilgongen til reint vatn, straum og nødvendig mat og varer er så avgrensa.

Daglege menneskerettskrenking
For det fjerde, palestinarar som bur på Vestbreidda, Gaza og Aust-Jerusalem opplever at menneskerettane deira vert krenka dagleg. Rørslefridomen deira vert hindra av militære sperringar, retten til vatn vert svekka av at israelske busettingar tappar palestinske vasskjelder eller at Israel har bomba eller øydelagd infrastrukturen som trengst for at dei skal få tilgang til vatn og retten til utdanning vert svekka når israelske soldatar hindrar skulevegen for palestinske born eller held dei i militære fengsel.

Palestinske ungdommar veks såleis opp i ein krevande kvardag kor det er vanskeleg å sjå håp for endring.

Forma av kva som har skjedd dei siste 70 åra opplever dei at rommet deira for å utøve motstand mot uretten dei opplever vert stadig mindre. Okkupasjonen og blokaden vert stramma til kvar dag og den palestinske frustrasjonen berre veks. Den store returmarsjen vert såleis ein måte for palestinske ungdommar å syne at motstanden framleis sit i dei. At sjølv om dei er pressa opp mot veggen, så gir dei ikkje opp.

Dette er eit rop om at verda snart må reagere sterkare på Israel sin valdsbruk og undertrykking.

1 thought on “Difor protesterer palestinarane”

  1. Pingback: Grensekryssinger preger Palestinske bønders hverdag – Flyt Frem

Leave a Reply

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.