- Samfunn ·
Wabi-sabi i ein perfekt tidsalder
Vi lever i ein kultur som jagar etter det perfekte. Viss du set av ein dag i livet til å vandre gjennom ein norsk by, vil ein stor del av det visuelle inntrykket ditt – forutan keisam arkitektur og middelmåtig byplanlegging – for ein stor del vere prega av reklameplakatane som ber bod om at dette er eit produkt du lyt kjøpe for å vere nøgd med deg sjølv, lovar deg ny ungdom, eller røper at vegen til varig lykke i livet går gjennom ein smalare midje.